• Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Gje din gåve til Robautviklingsfond
Hjem Prosjekt

Prosjekt

E-post

Roba Utviklingsfond gir hjelp til sjølv hjelp!!

Trykk her for å skriva ut brosjyre.

Skule-prosjekt 2015

Siraro Secondary School ( 9. og 12. klasse ) Skulen har fått  bibliotek i 2013. Nå manglar skulen laboratorium.  Materiellet til laboratoriet ligg på eit par skrivebord. Det er ikkje lett å driva god undervisning under slike forhold! Sjå meir

Utdanning av barn og unge 2015 / 2016,

34 ungdomar får hjelp til skulegangen heilt frå barneskule til universitetsnivå. 17 jenter og 17 gutar.
3 ungdomar (ei jente i IT diplom og to gutar i BA økonomi og Master grad  i Business Administrasjon) har avslutta studia sine i år. Alle studentane som tok nasjonal eksamen i 12. klasse, har kome inn på universitetet. Blant dei er det både ein som er blind og ein som er døv. Nå har me 18 stykk (12 gutar og 6 jenter) på universitet og college. Heilt fantastisk!

Familiepakke 2015

Til nå har utviklingsfondet hatt 20 kurs for vaksne. Vaksenopplæringa går godt. Kursa er i helgene og går over to månadar. Det er gjennomsnittleg ca. 40 stykk som deltek. Det er stor interesse for  kursa.
Dei lærer mykje om mange tema ; familieplanlegging, hygiene, ernæring, at det er viktig å senda ungane på skulen, at det er lurt å ha do i hagen, at ungane ikkje må omskjerast, grønsakdyrking… Kursdeltakarane får ulike grønsaksfrø som dei sår i hagane sine. Det er populært og inspirerande

Treplanting

Frå alternativ julegåve 2008 og 2009 hadde me fått inn 6650 kr til treplanting! Først måtte det lagast gjerde rundt heile skuletomta slik at dyra ikkje skal koma inn og øydeleggja! Nå er gjerdet sett opp og ca. 20 000 tre er kjøpte inn. Det er 17 forskjellige tresortar.

Kjøp av dyr til fattige familiar

Litt av pengane som kjem inn gjennom ”alternativ julegåve” går til kjøp av dyr til fattige familiar.

Sist oppdatert lørdag 24. desember 2022 08:36  
Kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Besøkende

Vi har 53 gjester her nå