• Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Gje din gåve til Robautviklingsfond
Hjem Prosjekt Treplanting

Treplanting

E-post

Treplanting

Frå alternativ julegåve 2008 og 2009 hadde me fått inn 6650 kr til treplanting! Først måtte det lagast gjerde rundt heile skuletomta slik at dyra ikkje skal koma inn og øydeleggja! Nå er gjerdet sett opp og ca. 20 000 tre er kjøpte inn. Det er 17 forskjellige tresortar.

Les meir her

Ny planteskule i Siraro, Etiopia ( av Ketil Fuglestad )

Då eg møtte Wako Roba frå Klepp i Addis Ababa i mars i år, hadde han med seg ein ung mann som heitte Gudeta Midaso som går siste året på eit 3-årig college i Etiopia. Wako er onkelen hans.  Gudeta og faren, som er bonde, har i fleire år vore interesserte i å planta nye treslag ved husa deira. No var spørsmålet om dei kunne få opplæring i å starta og driva ein planteskule. Gudeta blir med meg på vitjing til Konso og Yavello der vi ser både på plante-skular, plantefelt og frukthagar.
Kommunen Siraro ligg om lag 36 mil sør for hovudstaden i Etiopia, og dette er heim-kommunen til Wako Roba. Han vil gjerne hjelpa folk på heimstaden via Roba Utviklingsfond, og det er difor han har fått til møtet mellom Gudeta og underteikna for å sjå om det kan vera råd å få i gang ein planteskule. Det er ingen planteskular i området frå før.
Siraro er ein god jordbrukskommune med flate, vide jorde og ikkje eit fjell å sjå i nokon retning. Molda er mørk, nærast svart og synes å vera næringsrik, men det er få tre å sjå og endå mindre frukttre. Einaste fruktene ein finn, veks på ein kaktus som blir brukt i grensene mellom eigedommar. Dei er gode når dei mognar, men ein må passa seg for piggane som har mothakar.
Den dagen Gudeta og eg reiser gjennom Siraro vert vi fort samde om at det må vera eit stort potensiale for sal av frukttre og skogplanter her. Av dei to stadane Wako har bedt meg om å vurdera som aktuelle for planteskule, vert eg overtydd om at  heimegarden til Gudeta er den beste plassen. Det er også far til Gudeta svært glad for. Han gjev villig land til både planteproduksjon og demonstrasjons-planting.
Om lag ei veke seinare reiser min nære medarbeidar Worash til Siraro for å vera med Gudeta å læra han og familien om blanding av pottejord, laga potter, så og dekka over pottene med gras til plantene spirer. Heile familien deltek i arbeidet, endå til bestemor er med og fyller jord i pottene. Av frukt blir det sådd papaya, guawa og avokado. Mangofrø har dei ikkje fått tak i enno. Av skogstre blir det sådd eukalyptus og grevillea  (sølveik). Etter to vekers arbeid er 5.000 potter ferdig sådde, og no er det berre å vatna og venta på spiringa. Så blir det spennande å sjå kva andre planteslag bøndene i Siraro vil spørja etter. Men no er planteskulen i drift og heile familien har vore med på starten. For AFRI sitt utviklingsarbeid i Etiopia er dette familie-planteskule nr. 16 og prosjekt nr. 379.

Bryne, 30. mai 2013
Ketil Fuglestad

Trykk her for å Sjå på Galeri-planteskule

Me hadde planta 20000 tre i juni 2010. Resultatet er flott så langt og skal fylgjast opp

 

Sist oppdatert torsdag 04. juli 2013 01:20  

Tilfeldig bilde

img_0109.jpg
Kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen