• Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Gje din gåve til Robautviklingsfond
Hjem Seksjonsblogg Utviklingsfond
Eksempel på utforming av seksjonsblogg (FAQ-seksjon)

Husdyr

E-post Skriv ut PDF

Kjøp av dyr til fattige familiar

Litt av pengane som kjem inn gjennom ”alternativ julegåve” går til kjøp av dyr til fattige familiar.

 

 

Treplanting

E-post Skriv ut PDF

Treplanting

Frå alternativ julegåve 2008 og 2009 hadde me fått inn 6650 kr til treplanting! Først måtte det lagast gjerde rundt heile skuletomta slik at dyra ikkje skal koma inn og øydeleggja! Nå er gjerdet sett opp og ca. 20 000 tre er kjøpte inn. Det er 17 forskjellige tresortar.

Les meir her

Ny planteskule i Siraro, Etiopia ( av Ketil Fuglestad )

Då eg møtte Wako Roba frå Klepp i Addis Ababa i mars i år, hadde han med seg ein ung mann som heitte Gudeta Midaso som går siste året på eit 3-årig college i Etiopia. Wako er onkelen hans.  Gudeta og faren, som er bonde, har i fleire år vore interesserte i å planta nye treslag ved husa deira. No var spørsmålet om dei kunne få opplæring i å starta og driva ein planteskule. Gudeta blir med meg på vitjing til Konso og Yavello der vi ser både på plante-skular, plantefelt og frukthagar.
Kommunen Siraro ligg om lag 36 mil sør for hovudstaden i Etiopia, og dette er heim-kommunen til Wako Roba. Han vil gjerne hjelpa folk på heimstaden via Roba Utviklingsfond, og det er difor han har fått til møtet mellom Gudeta og underteikna for å sjå om det kan vera råd å få i gang ein planteskule. Det er ingen planteskular i området frå før.
Siraro er ein god jordbrukskommune med flate, vide jorde og ikkje eit fjell å sjå i nokon retning. Molda er mørk, nærast svart og synes å vera næringsrik, men det er få tre å sjå og endå mindre frukttre. Einaste fruktene ein finn, veks på ein kaktus som blir brukt i grensene mellom eigedommar. Dei er gode når dei mognar, men ein må passa seg for piggane som har mothakar.
Den dagen Gudeta og eg reiser gjennom Siraro vert vi fort samde om at det må vera eit stort potensiale for sal av frukttre og skogplanter her. Av dei to stadane Wako har bedt meg om å vurdera som aktuelle for planteskule, vert eg overtydd om at  heimegarden til Gudeta er den beste plassen. Det er også far til Gudeta svært glad for. Han gjev villig land til både planteproduksjon og demonstrasjons-planting.
Om lag ei veke seinare reiser min nære medarbeidar Worash til Siraro for å vera med Gudeta å læra han og familien om blanding av pottejord, laga potter, så og dekka over pottene med gras til plantene spirer. Heile familien deltek i arbeidet, endå til bestemor er med og fyller jord i pottene. Av frukt blir det sådd papaya, guawa og avokado. Mangofrø har dei ikkje fått tak i enno. Av skogstre blir det sådd eukalyptus og grevillea  (sølveik). Etter to vekers arbeid er 5.000 potter ferdig sådde, og no er det berre å vatna og venta på spiringa. Så blir det spennande å sjå kva andre planteslag bøndene i Siraro vil spørja etter. Men no er planteskulen i drift og heile familien har vore med på starten. For AFRI sitt utviklingsarbeid i Etiopia er dette familie-planteskule nr. 16 og prosjekt nr. 379.

Bryne, 30. mai 2013
Ketil Fuglestad

Trykk her for å Sjå på Galeri-planteskule

Me hadde planta 20000 tre i juni 2010. Resultatet er flott så langt og skal fylgjast opp

 

Sist oppdatert torsdag 04. juli 2013 01:20
 

Vaksenopplæring

E-post Skriv ut PDF

Vaksenopplæring 2016,

Til nå har utviklingsfondet hatt 20 kurs for vaksne. Vaksenopplæringa går godt. Kursa er i helgene og går over to månadar. Det er gjennomsnittleg ca. 40 stykk som deltek. Det er stor interesse for kursa. Dei lærer mykje om mange tema ; familieplanlegging, hygiene, ernæring, at det er viktig å senda ungane på skulen, at det er lurt å ha do i hagen, at ungane ikkje må omskjerast, grønsakdyrking… o.s.v. Kursdeltakarane får frø  av ulike grønsaker som dei sår i hagane sine. Det er populært og inspirerande.

Les meir i innleget frå 2010

Tusen takk for 50års gåvae

Pengane skal brukast til å betra kvardagen for damene – som igjen vil betra kvardagen for familiane. Trykk på bileta og les meir.

Farleg eldplass for matlaging i et vanleg hus.

"Komfyr-prosjektet"

Då Margareth fylte 50 år i 2012, ynskte ho pengar som kunne brukast til å gjera kvardagen og livet lettare for damene i Etiopia....Les meir her

Sist oppdatert torsdag 23. februar 2017 18:40
 

Skule-prosjekt

E-post Skriv ut PDF

Prosjekt som er i gang nå:

Siraro Secondary School 2015

Bygging av Skule-laboratoriet har komme langt; tak og vegger er ferdige. Bygget vert ferdigstilt etter kvart som midla kjem inn.

Sjå på bileta under.

Siraro Secondary School ( 9. og 12. klasse ) Skulen har fått  bibliotek i 2013 og nå manglar laboratorium.  Materiellet til laboratoriet ligg på eit par skrivebord. Det er ikkje lett å driva god undervisning under slike forhold!

Les mer her

Draumen om biblioteket til Siraro Secondary School er nå realisert!

Biblioteket vart høgtideleg opna med opningsseremoni og stor fest 19. mars 2013. Martha Lea og eg reiste til Etiopia ei vekes tid før påske. Martha Lea er med i styret for Roba Utviklingsfond.

Det var mykje folk slik det gjerne er ved slike høve. Det var elevar, foreldre og folk frå området og sjølvsagt leiinga frå administrasjonen og skulekontoret i distriktet i tillegg til interesserte som har fylgt utviklinga innan skulefronten. Festen vart opna med klypping av ei brei, raud, pynta snor av oss to gjestane. Me fekk seinare vakre gåver, takk og ære lik mange medarbeidarar som hadde yta sitt undervegs. Det gjekk begge vegar.

Skulekontoret i distriktet var òg involvert i dette prosjektet. Dei bidrog med ein del bygge-materiale. Det var viktig for oss at lokalsamfunnet deltok i arbeidet med det dei kunne. Det vert hjelp til sjølvhjelp. Dei får eigarfølelse og passer godt på, først bygging og seinare bygning. Utflytte frå distriktet les om dette på nettet så me hadde med ei sending engelske bøker frå ein landsmann i USA som gåve til skulen.

Resten av festen stod elevane for med song og dans, tradisjon og nye innslag. Alle gledde seg.

Me er takksame til alle som har gitt støtta slik at bygging av biblioteket er gjennomført som eit flott bygg. Det er plassert i det store området der me ved hjelp av alle som bidreg, fekk kjøpt og planta 20000 tre for nokre år sidan. Resultatet er flott så langt og skal fylgjast opp.  Alt styrkar interessa for og kvaliteten til undervisinga på skulen og meir kunnskap til elevane.

Me ser at det trengst fleire betre lærebøker på eige språk og høveleg inventar i det arbeidsrommet eit bibliotek skal vera for både lærarar og elevar. Me arbeider òg vidare saman med skulekontoret i distriktet for å skaffa eit laboratorium der elevane vil ha høve til å arbeida praktisk med realfaga.

Når me er i Etiopia, har me alltid tid til alle dei studentane som får hjelp til vidare skulegang. Det er ei glad og takksam gruppe som inspirerer oss og sender helsingar til glade gjevarar. Det ligg framtid i støtta.

Eit verkeleg lukketreff var at me møtte Ketil Fuglestad som har utvikla AFRI-prosjektet på rett tid og på rett stad ved frukostbordet første morgonen i Addis Abeba. Det kan utvida perspektivet for arbeid, for studentar og for distriktet.

Ein av studentane har med rettleiing alt fått hjelp av Ketil Fuglestad og støtte frå oss sett i gang med planteskule. Det er me takksame for. Kan henda distriktet vert grønare av nyttevekstar om nokre år?

Bileta frå opningsseremonien!


Sist oppdatert tirsdag 27. september 2016 23:07
 

Menighetsarbeid

E-post Skriv ut PDF

Lokke Kyrkje 2016

Lokke kyrkje bygge-prosjekt fram til fyste veke i februar 2016. Bygge-prosjektet var nesten ferdig. Menigheten hadde invitert alle menighetar i området og hadde konferanse (stort samling) heile helga frå 5. – 7. februar 2016. for å les meir  trykk her.

Nytt prosjekt : Ny kyrkje på Lokkee

Kyrkja på Lokke vart bygd i 2009

Det er Godt 100 medlemar. Lokke er ein landsby i vekst og ein kyrkjelyd i vekst.

Dei treng Biblar, opplæring,  golv, sement til ytterveggar, toalett og benkar

Takk til Bore-speidarane og Bore Kyrkjelyd.

Trykk her for å høyra om prosjektet i Nytt Liv Media.

Borespeidarane gir støtte til byggjing av kyrkje i Katta Sherkeno.

  • Kyrkjelyden vart danna i 2006

  • Ca 100 medlemmar

  • Midt i muslimsk område

Katta Sherkeno Kyrkje er alt til stor velsigning og glede for dei kristne i området. Kyrkja er så godt som ferdig.

Godt 50 000 kr har gått med.

Framleis er det ting som kan gjerast. Dei treng m.a. benkar og rom til barnesamling.

Me takkar Borespeidarane som står bak heile prosjektet med økonomisk støtte og Bore kyrkje for bidrag slik at dei kristne har fått draumen sin oppfylt!

For å sjå meir trykk her

Sist oppdatert lørdag 13. oktober 2018 16:15
 


JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen