• Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Gje din gåve til Robautviklingsfond
Hjem Media

Skuleringsprosjekt

E-post

2012 / 2013

Her kjem ei lita oppdatering om ungdommane "våre"i Etiopia.
Nå har me 33 ungdommar på skular, høgskular og universitet. 13 går på universitet og høgskular. 16 går på internatskulen. 4 går på lokale skular.   ( 4 er ferdige. 3 av dei har alt fått arbeid. )
Det er ei lita endring for dei som går på internatskulen. Skulen har teke inn altfor mange elevar. Miljøet har vorte dårlegare, og det har òg kvaliteten på maten. Studentane ynskte derfor å bu utanfor skulen og laga sin eigen mat sjølv.
Dei leiger nokre rom i landsbyen nær skulen slik at dei er dag-studentar. Dei kan likevel bruka skulen, biblioteket og uteområdet i fritida så mykje dei vil. Me vil prøva ut dette opplegget og sjå korleis det fungerer.
Tusen hjarteleg takk for støtta!
Helsing
Wako

Skulen ligg 240 km sør for Addis Abeba i Kuyara utanfor Shasemane, og er drive av advenistane. Det er ein svært god internat-skule.

 Tradisjonelt er det ikkje vanleg å gå på skule. Spesielt jentene får lite skulegang - dei skal jo snart gifta seg !?!. Ofte vert ungane gifta vekk i 12 - 13 år årsalderen – ofte mot deira vilje. Her er jentene trygge – og kan ikkje verta kidnappa i ekteskapsaugemed.

 Det kostar ca. 5000 kr for ein elev i året –   

då er skulepengane betalte og litt pengar til det aller nødvendigaste.

 

 Betalingsmåte: Nokre betaler månadleg nokre hundrelappar

og andre betaler ei gong i året!  

Heilt opp til kvar enkelt!

 

Kontonr. er 3290  2144 896

 

Sist oppdatert tirsdag 02. oktober 2012 21:08  
Kontakt Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen

Besøkende

Vi har 14 gjester her nå